tirsdag 6. september 2011

Milepæl 1

Til mitt særmene har eg velt å lese Bergens Historien, eller 100års triologien som ein også kan kalla den, av Gunnar Staalesen. Den fyrste boken heter 1900. Morgenrød. Og i denne boken møter vi alle ”Hovudfamiliane”, det er inga spesiell hovudperson i desse bøkene i og med at dei handlar om Bergens historie, og at i dei to neste bøkene er det born og barneborn til dei fyrste familiane som tar på seg ”Hovudrollane”. Familiane er: Brandt Familien, Brekke Familien, Dünner Familien, Frimann Familien, Gade Familien, Helgesen Familien, Moland Familien og Nesbø Familien, Pedersen Familen og Veum Familien, i tillegg til eit tallaus mindre familiar. Og for og gjera deg enda meir forvirra har Staalesen valgt å gjere det slik at det sjølvsagd er ope for tallause giftemål på tvers av familiane. Forvirrande? Så absolutt.

På fyrste sida i 1900 Morgenrød lesar vi om eit mord som har skjedd på Konsul Carl August Frimann, ikkje nok med at mordet skjedde på nyttårsaftan 1899 eller 1900, alt ettersom korleis ein ser på det, men Carl August ble drepen på ein grufull måte og det er inga mistenkte. Politibetjent Christian Moland blir satt på saken og store delar av boka følgjer vi hans arbeide med å løyse saken, ein blir funnet skyldig, men det er inga som er sikre på at sanninga eigentlig kom fram. Det er dette som er historias kjerne og mordet går på ein måte i arv til born og barneborna. Og etter det eg har høyrt så får eg ikkje vite det endelege svaret før siste side i tredje bok.
¨
I tillegg til mordet beskriver Staalesen korleis samfunnet forandrar seg, når bilane kjem, korleis Bergen er som handelsbu og korleis politikken spel inn i kvardag til dei ulike familiane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar