torsdag 22. september 2011

Milepæl 2

Eg fann ut at eg ville lese Gunnar Staalesen sin 100 års triologi. Eg starta med å lese bøkene i sommarferien, og eg las godt på dei dagane eg hadde fri frå jobb. Det var viktig og prioritere riktig slik at eg kunne komme gjennom alle bøkene med god margin. Eg fann ut at dette var noko eg kunne like godt for bøkene var interessante, men når kvar einaste bok var på ca 500 sider, var det vanskeleg og halde motivasjonen oppe heile tida, men, må ein så må ein.

Eg fekk lese ferdig dei to første bøkene i sommar, men når skulen starta vart det litt vanskeleg å finne tid til å lese! Så det går ikkje like fort framover nå lenger. Eg har heller ikkje fått tid til å starte på oppgåva, men eg har ein plan for dette. Eg skal nemleg til min farmor og farfar i Sogn til haustferien, og der er det så kjedeleg at det ikkje er noko anna å gjere enn å skrive særemne. Eg går også rundt og tenkjer på korleis eg skal gjere det, og eg gleder meg veldig til å starte med oppgåva – eg føler verkeleg at eg kan få det skikkeleg til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar